Webmaster publisert november 14, 2011 10:00

Hei!
Det er ei stund sidan eg har jobba med dagens nettsider. Dette er fordi sjølve systemet som driv sidene treng ei større oppdatering.
Vurderar å gå over til eit anna system (joomla) og har så vidt starta testing.
Du kjem til testsida ved å klikke på linken under:
http://www.d1003919vartdalsstranda-no.stwadmin.net/vartdalsstranda/
Sidan dette er for test er det berre test innhald.
Problemet for min del er at dette tek mykje tid (endring frå engelsk til norsk, testing..).
Om eg skal fortsette å bruke tid på å halde sida gåande må fleire hjelpe til med innhald (få meir liv). Om mulig hadde det og vore fint om eg fikk med nokon som kunne hjelpe til på administrasjons biten (Joomla) for oppsett og vedlikehald av sida.
Om bruken vert som i dag (med så få innlegg/tilbakemeldingar) let eg sida bli som den er.
Send ein e-post til oyvind(alfakrøll)mundsen.no
Øyvind