tory burch revaChanel handbagsChristian Louboutin ShoesHandbags DesignerHandbags For Cheapnew balance storesonitsuka tiger sneakersChristian Louboutin Saleonitsuka tiger shoesdesigner bags sale



20. mai 2012
Besøk
Minimer


10 siste Artiklar

Gjeldene Artikler | Categories | Søk

6. juli 2008
Korpshelsing frå Vartdalsstranda!
Av RoarS @ 23:40 :: Vist 601 :: 0 Kommentar(ar) :: Article Rating
 
Korpshelsing frå Vartdalsstranda!


SLIPP FÅNGARNA LØS, DET ER VÅR!

Like sikkert som at snøklokker, påskeliljer og krokus smyg seg fram i desse dagar, trekker vinterkvite musikantar ut av treverket når vårsola syner seg. 5.og 6. april trommar Vartdalsstranda skulekorps og Vartdalsstranda hornmusikk seg atter ein gong ihop til felles øvingshelg. Denne gongen er det på Samhald i Barstadvik det skal foregå. Vi vonar at mange øvingstimar med terping på forteikn, tempo og «timing» ventar, men litt tid til andre aktivitetar har vi også som vanleg bevilga oss. Erfaringsmessig treng vi litt kollektiv lufting, og etter tradisjonen under våre øvingshelgar vil vi la bygdefolket få tjuvsmake litt på vår-repertoaret. Om vêrgudane tillet det, blir vi å høyre og sjå utanfor COOP Barstadvik omtrent når sola passerer Middagshornet på laurdagen. Kanskje har vi tenkt å prøve marsjfoten også. Trommegutta (for tida 5 i talet) har lagt i hardtrening på nye trommemarsjar siste månaden, så ikkje sats på middagskvilda den dagen.
At korpsmusikantar er eit hardbarka folkeslag herskar det vel ingen tvil om, og denne helga vil vi berre få det bekrefta. Kan Farmen-deltakarar kokkelere ute, så kan vel vi det også. Under «Taremarerittet» deler vi inn i kokelag som skal tevle om beste utandørs storkjøkken. Det er ikkje alternativt å ringe «ein venn», så Espelid kan føle seg heilt trygg den dagen. Målet er å ha det kjekt, og forhåpentlegvis bli mette!
På linje med farmen-deltakarar treng også korpsmusikantar total avslapping, ro og kvile etter krevjande fysiske utskeiingar. På laurdagskvelden får dei derfor «millionpremien» i form av «La Lynge». Kva dette inneber kan vi dessverre ikkje røpe her i lokalavisa, og vi håper lesarane syner forståing for dette. Det einaste arrangørane kan «lekke ut» er at premien ber preg av juksesyden og Tussavarme. Kva aktivitetar Irma og ungdomsrepresentantane våre Ingeborg og Endre i sosialkomiteen vidare har på tapetet, er heller ikkje råd å få lirka ut. Det einaste vi veit er at det vert jobba iherdig i kulissane. Så det blir nok stas!
Denne sesongen har vi sett oss nøydde til å omskolere ein del musikantar i begge korpsa. Grunnen til dette er at vi trengde meir balanse mellom instrumentgruppene, samtidig som vi såg behovet for å gi dei eldste litt større utfordringar. Eindel røynde har med friskt mot “teke seg på tak” med å øve inn nye og meir krevjande stemmer, og nokre har også «sukka seg på» andre instrument.Vi har ein jamn tilkomst av nye aspirantar kvart år, og denne sesongen tel vi ni. To av desse er vaksne damer som synest at dei likevel var så involverte i bransjen at dei likegodt kunne henge på seg eit instrument. Slik vart to nye sax-damer «født»!
Vil i denne samanheng få nytte høve til å takke Sverre Sørdal som har stilt på og hjelpt oss gjennom ei vanskeleg tid. Vi er svært glad for å ha ein så dreven musikant og instruktør i rekkene og takker for bidraget hans så langt. Sverre er ikkje akkurat ukjent i våre blå rekker. I tidlegare tider dirigerte han skulekorpset på Vartdalsstranda i 16 år, så det at han “kan oss” frå før er trygt!
Medlemstalet i hornmusikken er pr. dags dato 20, og i skulekorpset regjerer det 31 glade barn og ungdommar. Nesten alle desse skal reise på tur ilag til Lillehammerfestivalen «Spill levende» 13.-15.juni 2008, så det blir ein bra stor flokk blåkledde som skal representere Vartdalsstranda der nede. Det gler vi oss til! Etter å ha snoka litt i listene over dei 48 påmelde korpsa til festivalen har vi fiska ut at det er ganske mange korps som er heimehøyrande på Sunnmøre, så det skal bli litt av ein «Sunnmørsleir». Nokre av korpsa har vi faktisk stifta kjennskap med før.
Men først skal vi altså ha øvingshelg!

For korpsa på Vartdalsstranda:
Irma og Janne
Karakter
Kommentar(ar)
Berre registrerte brukere kan lagge inn kommentarer.
Uttalelse om privatliv  |  Betingelser for bruk
Copyright 2007 @mundsen