tory burch revaChanel handbagsChristian Louboutin ShoesHandbags DesignerHandbags For Cheapnew balance storesonitsuka tiger sneakersChristian Louboutin Saleonitsuka tiger shoesdesigner bags sale



20. mai 2012
Besøk
Minimer


10 siste Artiklar

Gjeldene Artikler | Categories | Søk

12. august 2007
Sjetnefestivalen àrti spæll 2007
Av RoarS @ 12:12 :: Vist 1102 :: 0 Kommentar(ar) :: Article Rating :: Turar
 

Gamle og nye sirkushestar frå Vartdalsstranda i manesjen under Sjetnefestivalen, `arti spæll 2007`

 

Det råkar ingen tvil! Atter ein gong fekk Vartdalsstranda skulekorps og hornmusikk parkert bygdene sine på kartet. Som korps nummer 1 toga 51 musikantar,aspirantar, søsken og foreldre gjennom Trondheim sine gater i strålande solskinn.

Festivalen hadde sirkus som tema, noko som utfordra dei yngste i troppa både i balanse, sjonglering og luftakrobatikk. Ein gjeng flinke artistar vart dei alle i hop. Dei eldste av oss nøyde seg med å ”raste litt” og syge inn lukta av sagmask i det digre sirkusteltet. På hemmeleg oppdrag besøkte vi Nidar Bergene sitt godteriutsalg. Det var stas! Tenk, snop så langt auge kunne sjå til halv butikkpris og rikeleg med gratis smaksprøver! Ikkje fritt for at lydstyrken vart nokre hakk høgare då vi ”sessa oss” i bussen igjen. Sukker har vel ein lei tendens til å gjere oss ekstra lystige. Men, lystige kan vi godt vere på tur! Om ikkje dette skulle vere toppen, så toppa det seg i alle fall då vi entra eitt av landets største innandørs badeanlegg, Pirbadet. Du hendelse kor kjekt! I dette digre badeanlegget vart det utarbeida ein ny og særs spenstig form for salto: Den typiske heilnote-saltoen!!! Det varmar vel eit gammalt janitsjarhjarte! Og når vi likevel var på tur for å nå nye høgder så svinga vi oss likegodt innom Tyholttårnet. I restauranten høgt der oppe spretta kasserar-Astrid lommeboka,- og det vart is på alle i hop! Litt svimle vart vi der vi snurra rundt i kapp med tårnet, for slik snurre- restaurant er vi ikkje kjent med verken på Vartdalsstranda eller i Ørsta!

Under konserten vår på søndagen gjorde vi også stor suksess. Repertoarlista var nøye gjennomtenkt for å vekke janitsjarfoten til folk. Flintstones, Torsken kommer, Happy farmer, Gibraltar Rock og Byggmester Bob var nokre av låtane korpset så fjellstøtt serverte. Den sistenemde fekk drum-drumgutta fri utfaldig på. Ingen konsert utan ein fengande marsj, så som avslutning drog vi glansnummeret vårt: Mr. Boogie Rag! For øvrig var det den låten vi spelte under innmarsjen der alle korpsa vart presenterte med heimstad, historikk og uniformering. Her er eit lite utdrag frå denne presentasjonen:

Vi valgte å kle oss litt fjonge og fri,

i uniformer sponsa av Vartdal Plastindustri.

Har lova å vere gode ambassadørar,

”spionar” er ute både frå kontoret og sjåførar.

Genser og bukse i svart og i blått,

synest vi vestlendingar er kjempeflott.

Det er vel lov å vere litt gal,

vi reiser til Sjetne på sirkusfestival.

Til innmarsj vi spelar ein ”Boogie Rag,”

ein låt som har heidersplass i vår notebag!

 

Må no her tilføye at T-skjortene frå Skretting  også i år var ein gullbarre i sommarvarmen!

Fellesnummera som dei 14 deltakarkorpsa spelte ilag var nasjonalsangen og gammel  jegermarsj. Aspirantane våre kasta glans over oppmarsjen med smørblide fjes og mini-flaggborg. Flott innsats frå samtlege!!!

Slitne ja, men ikke tvil om at det er kjekt å vere korpsmusikant!

All ros til: Musikantar, aspirantar, foreldre, søsken, dirigent- Kenneth, buss-Bjarte, turnemda og styra i korpsa for ein velorganisert og super tur!

No tek vi ferie, men til hausten svingar vi oss raskt rundt igjen. Allereide onsdag 15. august tek vi til med øvingane, og 18. august deltek vi under avdukinga av Fiskarkonestatua i den nye flotte parken på Vartdal. 7.- 9. september blir det øvingshelg. Denne gongen får vi celebert besøk til Vartdal frå Mauseidvåg og Fiskarstrand. Kring 150 korpsmusikantar, foreldre og intruktørar vil kome til å gjere bygda. Så eit varsku til bygdefolket: Ikkje sats på middagskvilda denne helga! Frå midten av september startar vi også opp med ny aspirantgruppe. Denne sesongen er det klarinettstallen vi har eit håp om å få formeire. Så om du er 4.klassing eller eldre kan du byrje å tenke på det. Brev om påmelding vert utdelt ved Barstadvik- og Vartdal skule i slutten på august månad.

Vi har høyrt rykte om at det har flytta tilbake nokre gamle janitsjarheltar til Vartdalsstranda, samt at det kriblar i marsjfoten hjå enkelte fastbuande også.

Ta dokke ein tur tilbake på korpsøving da vel. Ein hobby for livet!

Vil samtidig nytte høve til å gratulere aspirant-Ellen med CD-premien frå marsjruta i minimusikanten.

Gratulerer også til dirigent-Kenneth som hala i land sigeren i tevlinga om nytt namn på Norges Musikkorps Forbund si medlemsavis. Det nye namnet vart ”Ambis”.  Premien var eit Yamaha Keyboard, verdi 6500,-

 

Vi salutterer!!!

 

For korpsa på Vartdalsstranda:

Janne Kristin

Karakter
Kommentar(ar)
Berre registrerte brukere kan lagge inn kommentarer.
Uttalelse om privatliv  |  Betingelser for bruk
Copyright 2007 @mundsen