Valldal meir enn jordbær
Festivalen var eit samarbeid mellom Norges musikkorps forbund (region Nordvest) og Valldal skulekorps. Arrangementet hadde fått det fengande namnet "Festivalldal". I alt 13 korps deltok,- og Valldal som bygd fekk denne helga sanneleg vise at dei har så mykje meir å by på enn knallraude jordbær!!!
Naturopplevingar i fokus
Naturopplevingar var tema for festivalen,- og deltakarane kunne velgje mellom ei mengd aktivitetar. Vi kan nemne grottevandring, sandvolleyball og bading i utandørsbasseng. I tillegg kunne ein heile helga høyre korpsmusikantar på speleoppdrag i fjellheimen, på fjorden og i sentrum.
Som korpsmusikant er det ofte mange ting ein må konsentrere seg om, og utføre samtidig. Det er ikkje alltid like enkelt å halde både tungespissen og venstrefoten i sjakk. Det kan nok einkvar som har vore i denne bransjen skrive under på. Men, gang på gang har det synt seg at meste går om ein er innstillt på det.
Under defileringa under oppmarsjane fekk dei ulike korpsa briljere litt med det dei hadde øvd seg både vel og lenge på. Og mange presentasjonar bar preg av mykje og knallhard trening over lang tid.
Imponerande!!!
Vi frå Vartdalsstranda slakka litt av på marsjfoten i år, og suste til med heftig percusjon og sambatakter under paradane.
Det var stas og kjempekjekt!
Tusen, tusen TAKK til Hogne Vartdal som i løpet av nokre få minutt forvandla seg frå å vere korpspappa til å bli ei kombiløysing av korpspappa og stortrommeslagar! Ingen tvil om at han vart kåra til årets korpshelt blant korpsmusikantane på Vartdalsstranda! Det vanka til og med medalje for bragden. Skulle berre mangle!
Hurtige kleskift og discotek
Frå stivpressa uniformsbukser til badekle,- og vidare til meir ledigare discoantrekk skifta deltakarane i eit forrrykande tempo! Samtidig fekk mang ei hårbørste og hårføner køyrt seg kringom på klasseromma ved Valldal skule denne helga.
Rett effektivt!!!
Fellesnummer
Oss i bransjen som har fått nokre årringar på baken, - og som har vore så heldige å få oppleve ei mengd korpsfestivalar og stemner før, har også fått æra av å vere med på å spele minst like mange fellesnummer. Derav enkelte gangar med noko blanda hell...
Fellesnummer er melodiar som arrangørane vanlegvis har planar om at alle deltakarane skal spele ilag. Dette er forsåvidt ein triveleg tradisjon,- og det er sanneleg kjekt når det fungerer. Men, det er likevel ikkje til å stikke under ein stol at denne biten ofte kan vere ei ekstra utfordring både for musikantane og ein "stakkars" dirigent.
I idretten kallar ein gjerne slikt for "feige lag".
Jubelen var derfor stor då festivaldeltakarane (kring 450 i talet) oppdaga at dei både hadde starta og slutta nokolunde på likt.
Hurra,- for dirigent Anders Jørgen Gjerde i Valldal skulekorps som tok på seg dette dirigentoppdraget.
Fellesnummera under denne festivalen var "Ja, vi elsker" arr. Bjørn Mellemberg og "Gammel jegermarsj" arr. Kjell Hagen. Vel blåst,- og fole, fole kjekt på festival!!!