tory burch revaChanel handbagsChristian Louboutin ShoesHandbags DesignerHandbags For Cheapnew balance storesonitsuka tiger sneakersChristian Louboutin Saleonitsuka tiger shoesdesigner bags sale



20. mai 2012
Besøk
Minimer


10 siste Artiklar

Gjeldene Artikler | Categories | Søk

20. juni 2010
Korpstreff på Åndalsnes 4-6. juni 2010
Av RoarS @ 11:22 :: Vist 222 :: 0 Kommentar(ar) :: Article Rating :: Turar
 
Vartdalsstranda Skulekorps og Vartdalsstranda Hornmusikk på korpsfestival i togbyen Åndalsnes.
4. - 6. juni 2010



Som mange veit er korpsmusikantar rekna for å vere ekspertar på tog! Rett nok ikkje slike tog som nødvendigvis går på skinner og ber historie av møysomleg slit og uttallige sleggeslag. Men , slike tog som i motsetting til NSB alltid går etter fastsett ruteplan. No er det ikkje slik meint at toga på nasjonaldagen ikkje ber preg av historie, rette linjer og sirleg arbeid. Det råkar det sjølvsagt ingen tvil om. Nokre skillnader er der likevel. Men fløyter har dei,- både NSB-
toga og 17.mai-toga!!!




Tog og kjentfolk

Styra i begge korpsa på Vartdalsstranda vedtok å oppsøke ein retteleg tog-by då mål får sommartur skulle blinkast ut. Åndalsnes fekk vår stemme i og med at arrangørane Åndalsnes og Isfjorden skulekorps kunne lokke med kjekke aktivitetar både for store og små i programmet sitt.
Dei markedsførte seg godt både via post og på nett, og det skulle vise seg at det gjorde dei med rette!
På Åndalsnes var det akkurat som vi tenkte: TOG! Brune tog, raske tog, korte tog, lange tog og nydlege tog i form av paradar! Vi vartdalsstrandingar fekk plass nummer 9 av i alt 20 deltakande korps ,- og midt i denne buketten av myldrande musikantar traff vi jammen på kjentfolk! Der sto dei: Dalane skulekorps i sine feiande flotte uniformer under leiing av dirigent Ann – Helen Sørhaug! Dalane og Vartdalsstranda er no så godt som «nære» naboar å rekne i og med at begge troppene er heimehøyrande i Ørsta kommune. Vi vågar å påstå at vi var gode ambassadørar alle ihop,- så ordførar - Gudny kan trygt vere stolt!
Ekstra kjekt var det sjølvsagt at alle musikantane frå vår kommune fekk ordna eit lite «bukollektiv» ilag på Rauma vidaregåande skule. Mange av musikantane frå Dalane og Vartdalsstranda hadde frå før stifta kjennskap under ei felles øvingshelg på Vartdal skule hausten -09. Så dette var topp!


Paradar og utekonsert

Det sosiale og samarbeid er viktig,- og er dette på plass så lagar det seg som oftast slik til at det vert fin musikk også. Iallefall har vi ei formeining om det sjølve. Vi synest nemleg at vi utførte gode jobbar både under paradane med defilering laurdag og søndag, og under utekonserten i strålande ver på laurdag. Ein ekstra honnør til Robert Sørvik som på sånn cirka null sekunds betenkningstid heiv seg med og spelte bekken. Den jobben meistra han så fint at vi ga han fast «ansettelse» tvert! Supert utført arbeid av «fane-gjengen» i tet også. «Dokke var så fine atte!!!»


Instrumentkasting, musikksti og grom pokal

I musikkgreina «instrumentkasting» må vi vel innrømme at vi ga alt!
Gullet lukta vi lenge før avreise (iallefall nokre av dei vaksne jmf. underteikna) og det var nok eindel som hadde tjvkasta eingrann stein dagane i forkant.
Musikksti var også ein sosial og kjempekjekk aktivitet. Eit yrande liv av store og litt mindre store musikantar som kappast om å hauste poeng innan genren musikk-teori og andre musikk-stunt.
Her var det ikkje snakk om å gi ved dørene nei. Nøye gjennomtenkte strategiar og særs hemmeleige kodar vart nytta. Stor stas!
Det viste seg at eindel av strategiane skulle syne seg å virke. Gjengen frå Vartdalsstranda kleppa allereie fredagskvelden tak i leiinga på instrumentkastinga. Dette festivalmeiserskapet gjekk over heile helga, så utover laurdagskvelden auka spenningsnivået seg såpass betraktleg at enkelte var redde for «liv og helse»,. Lesarane kan berre gjette om det vart spekulert mykje i krikar og krokar om nokon hadde kasta lenger enn oss.
Underteikna kan ikkje greie å feste på papir i form av ord jubelen som braut ut då det vart annonsert for over 700


deltakarar at det var altmuligmann Jørn Vartdal frå Vartdalsstranda som hadde kasta lengst. Nærare bestemt 16 meter. Dermed var det vårt team som stakk av med den grommaste pokalen på festivalen. Dei velvalgte orda som er graverte på pokalen kling som musikk i janitsjarøyrene våre: Festivalmeistrar i instrumentkasting. Beste korps!
(Vi vil likevel at det frå vår si side skal vere sagt at denne greina overhode IKKJE er å anbefale å utøve med den nyaste stallen av instrument!!!!!!!!!!!)


Full trøkk og høgdepunktet på korpsåret

Det er trøkk når så mange musikantar skal spele fellesnummer. Det er alltid like spennande om alle greier å starte og slutte på likt. Men, den biten må vi vel seie gjekk tåleleg bra både med «Ja, vi elsker», «Fagert er landet», «Gammel jegermarsj» og « Norge i rødt, kvitt og blått». Sjølvsagt tatt i betraktning at det var noko feige lag...sju hundre musikkantar mot ein einaste dirigent. Nesten som «DAVID OG GOLIAT».
Det er ingen tvil om at sommarturen er høgdepunktet for einkvar korpsmusikant, trass i at det skjer mange kjekke aktivitetar gjennom heile korpsåret.
På desse turane får musikantane sjå og høyre «artsfrendar»,- og det er vel ikkje fritt for at det vankar litt venskapleg «måling av krefter i form av snorrette linjer og trøkk». Ambis-treninga i forkant kan heller ikkje klassifiserast som sofaslit. Heller tvert imot !


Tusen takk for ein fin sesong og god sommar

Vi vil med dette nytte høve til å ynskje ein superfin sommar til alle som har støtta oss på ulike vis.
Ein spesiell godklem svingar vi avgarde til vår kjekke dirigent Sverre Sørdal. Mannen som held oss i øyrene slik at vi ikkje sporar altfor mykje av!
Og sist men ikkje minst eit supertakk til Lars Johan Hammer som ikkje lenger nøyer seg med berre å spele trommer i «kjøkkenavdelinga», men som no har tatt på seg jobben som busssjåfor også. Sjølvsagt køyrde vi standsmessig med Fjord1. Det skulle berre mangle!
No tek vi ferie, men til hausten hiv vi oss rundt igjen med nye musikalske krumspring. Så er du tidlegare sirkushest som kjenner lukta av sagmask og kanskje kan tenke deg å klatre ut av treverket igjen seier vi: « Ingenting å spekulere på,- velkomen skal du vere. Vi skal ordne med både instrument, kaffi og stol». Når det nærmar seg sesongstart legg vi ut informasjon på heimesida vartdalsstranda.no
Både skulekorpset og hornmusikken har øving onsdagar.
Ta dej ein tur då vel...

For korpsa på Vartdalsstranda: Janne Kristin Egseth
Karakter
Kommentar(ar)
Berre registrerte brukere kan lagge inn kommentarer.
Uttalelse om privatliv  |  Betingelser for bruk
Copyright 2007 @mundsen