tory burch revaChanel handbagsChristian Louboutin ShoesHandbags DesignerHandbags For Cheapnew balance storesonitsuka tiger sneakersChristian Louboutin Saleonitsuka tiger shoesdesigner bags sale



Tuesday, February 07, 2012
Besøk
Minimize


10 siste Artiklar

Current Articles | Categories | Search

Thursday, March 12, 2009
Årsmøte i Vartdalsstranda Skulekorps (VSK) 2009
Av @ 12:58 PM :: Vist 498 :: 0 Kommentar(ar) :: Article Rating
 
På årsmøtet i VSK den 19.02.2009 vart fylgjande styremedlemer valgt:

Leiar                                    Kristin Dagenborg

Nestleiar                            Marita Husevåg

Kasserar/Økonomi          Anne Grete Bøkestad/Håvard Eikebø

Sekretær                            Kirsti Hånes Vartdal

Styremedlem                    Janne Egseth

Årsmeldinga for 2008 avspegla eit aktivt år med mange arrangement og hendingar.                                            Den triste hendinga i 2008 var at dirigenten vår gjennom fleire år, Kenneth Andre Moe døydde så brått og uventa den 24. januar. Alle korpsmusikkantar var tilstades i gravferda hans den 31. januar og spela i kyrkja denne dagen, etter ynskje frå foreldra til Kenneth. Også korpsmusikantar frå Ørsta deltok.

Takka vere ihuga styre- og korpsmedlemar, godt hjelpa av foreldre, heldt korpsa fram med øvingar, øvingshelg og aktivitetar framover våren 2008 slik at korpsa kunne stille opp til 17.mai toga i bygdene våre. Den musikalske leiinga vart godt ivareteke av JANNE .

Hausthalvåret 2008 starta med ny dirigent, SVERRE SØRDAL. Musikalsk sett det travlegaste halvåret i korpset si historie, med speleoppdrag som perler på ei snor.                                                                                                       Av speleoppdrag korpset deltok i kan nemnast: Marknad på Vartdal skule i høve Ørsta kommune si 125-års feiring, Volda Hornmusikk sitt 120-års jubileum, julemesse på Vartdal skule, Havlandet-dagen til Sparebanken Møre i Ørsta, julekonsert i Vartdal kyrkje og julegrantenning i alle bygdene våre, Liadal og medregna.

Korpsa hadde også i oppdrag og spele på Amfi Ørsta føre jul, då i mindre grupper. Heile 6 gongar spela korpsa der under beste handletida på fredagar, laurdagar og siste gong søndag 21. desember.

I 2008 vart det halde 36 fellesøvingar i VSK og VHM. Aspirantopplæringa  for 12 nye aspirantar vart halde føre kvar fellesøving.

Karakter
Kommentar(ar)
Only registered users may post comments.
Privacy Statement  |  Terms Of Use
Copyright 2007 @mundsen