 |
 |
 |
 |
|
Tuesday, February 07, 2012
|
|
|
|
|
|
|
|
|
| Sunday, July 06, 2008 |
|
Korpsmusikantar frå Vartdalsstranda på Lillehammerfestivalen «Spill levende» 2008
Av RoarS @ 11:43 PM :: Vist 707 ::
0 Kommentar(ar) ::
|
|
For tredje året på rad oppsøkte korpsmusikantane frå Vartdalsstranda ein korpsfestival der vi kunne kombinere både spele- og badekunsten. Ikkje samtidig sjølvsagt, men i passelege porsjonar kvar for seg. Det var ingen ringare dato enn fredag den 13. vi tok laust, men vi lot overtru vere overtru og bretta opp armane med eitt mål i sikte: Lillehammer! Turen nedover gjekk knirkefritt, og den standhaftige vartdalingen buss- Bjarte (eller «Myklebusten» som han også blant artsfriendar vert kalla) var sjølvsagt på plass bak rattet. Han kasta som vanleg glans over turen med sitt behaglege vesen og smittande humør. Totalt var vi 37 vartdalsstrandingar på tur. Dette inkluderte også nokre ikkje- spelande foreldre og søsken. Frå skulekorpset kunne vi skrifte nesten fulltallig, men antal spelande frå den godt vaksne troppa vår var denne gongen av ulike årsaker noko innskrumpa. Jammen bra vi har den oppveksande korpsslekt i full fart oppover. Repertoaret var utdrag frå marsjmappa vår,- og det viste seg å fenge både store og små publikummarar både under friluftkonserten på Strandtorget og i Hunderfossen. I tillegg hadde vi sjølvsagt øvd iherdig på dei tre fellesnummera som alle 48 korpsa på festivalen spelte ilag. Kan tru det var trøkk då denne digre buketten av korpsfolk klemte til.... «Hunderfossmarsjen», «King Size» og «Norge i rødt, hvitt og blått» kunne folk sikkert høyre langt over landegrensene om øyrene var lange nok. Ei fantastisk skue også til å kvile augene på! Under paraden laurdag vart det arrangert ei uhøgtidleg marsjkonkurranse,- og då marsjering, triks og triumfering er noko av det vi vartdalsstrandingar har drilla oss på den siste tida, så passa dette oss perfekt! At til dømes trommegutta sjarmerte i senk ein god prosent av dei frammøtte både på syttande mai, og på denne turen, kan vi vel trygt nemne. Med sine eksklusive honnørar, raude bjarte stikker, glitrande nytrekte svarte trommeskinn,svarte solbriller, drivkvite hanskar, breide smil og innfløkte virvlar var dei eit syn. Det er berre å ta av seg hatten, for liknande iver skal ein leite lenge etter. Og folkens... denne gjengen kan slå,- og det tilogmed i takt! Dei andre i rekkene imponerte også stort med komprimert klang og finurlege taktfaste, millitære krumspring under marsjeringa. Skikkeleg gode har vi iallefall blitt på start og stopp!!! Der «ruler» vi! Om vi henta heim premie? Ikkje i form av glitrande pokal, men for oss er den flotte framdrifta og den fantastiske innsatsen som musikantane yter gjennom heile korpsåret meir enn nok premie for oss. Litt travelt til tider ja,- men vi har det knallkjekt!!! Pris for hurtigavgjerdsler burde vi iallefall fått, då vi mellom anna spontant linja oss opp på lang-lang rekke og marsjerte oss ut av kaoset i Hunderfossen etter avslutningssermonien. Ein særs effektiv måte å samle troppene på i ein fei! Under festivalen låg vi på flatseng på Åretta skule. Som vanleg regjerte det eit visst kaos med badekle, sure strømper og nypressa uniformsbukser...men det er etter kodene heilt korrekt når ein er på korpstur. Det var nemleg ikkje avsett tid til «ryddetid» i programmet. Dei fleste kleskift foregjekk meget effektivt og gjerne ombord i bussen. Dødtid var det særs lite av. Turkomitedamene Bente Geitvik og Gunn Brandal hadde tjuvlest programmet,- så ved det minste lille «pusterom» hadde dei smett inn mange overraskingar. Til dømes vart det tid til ein dukkert i Joringebadet for alle, samt ein tur på bob- bana og i kinoen for dei eldste ungdommane våre. Alt dette utanom det ordinære programmet altså! Flott damer, det er slik vi vil ha det!!! Det har nesten vorte som ein tradisjon at nokon har fylt år under turane våre. Denne gongen var det Gunn, som i tillegg til å vere i turkomite`, likegodt dukka opp som bursdagsbarn også. Hurra og gratulerer frå oss alle! Det vart ikkje intervju i «Ambis» så vi håper at ein notis i lokalavisa kan gjere same susen! Du fekk iallefall sjokoladeis slik vi lova! Tusen takk til alle dokke som har vore med på å gjere årets tur mogleg. Det betyr enormt mykje for musikantane å få kome seg «ut i verda» for å sjå og lære korleis andre korpsfolk arbeider! Vi treng denne årlege vitamininnsprøytinga for å kome vidare. Og kven veit, kanskje har vi vartdalsstrandingar fått gitt nokre tips til andre også? No tek vi alle ein velfortjent ferie og ein pust i bakken, men til hausten stiller vi mannsterke på igjen. Då sender vi ut skriv om påmelding til aspirantopplæring. Dersom du skal starte i fjerde klasse eller er eldre, kan du snakke med «mamsen» og/eller «papsen» om saken i løpet av sommaren. Kanskje er det korps som blir din hobby? Aspirantopplæringa i Vartdalsstranda skulekorps er gratis, og vi krev verken instrument/ uniformsleige eller semesteravgift. Alle medlemmane våre vert innmeldt i Norges musikkorps forbund og vert dermed automatisk forsikra gjennom «IF» . Kontingenten for kvart medlem betalar korpset til landsforbundet. Dette er eit ledd i rekrutteringsarbeidet vårt, og det fungerer godt! Vi har i tillegg gode rabattordningar på sommarturane våre for spelande «storfamilier». Det er medlemmane i den vaksne hornmusikken som tek seg av det meste av opplæringa. Velkomen til våre rekker anten du er liten eller stor. Første øving etter ferien vert onsdag 20. august, og allereide 7. september har vi vårt første arrangement. Då skal vi nemleg markere Ørsta kommune sitt 125 årsjubileum, og vårt bidrag vert i form av ein god gammaldags marknad. Arrangementet vert lagt til skulen på Vartdal, og den dagen er det berre å tenke seg tilbake i tid og leite fram klede frå gamle dagar. Vi har planar om å gå i «lurvetog» frå den flotte fiskarkoneparken vår, så vi håper at flest mogleg, både store og små er sporty til å stille på det. I tillegg til mykje god mat, leikar og lodd skal sjølvsagt korpsa på Vartdalsstranda også spele! Tusen,tusen takk til alle dokke som har vore med å støtte opp om arrangementa våre, gevinstgivarar,sponsorar og alle øvrige støttespelarar! God sommar til alle!!! For korpsfolket på Vartdalsstranda: Janne Kristin
|
|
|
|
|
| Kommentar(ar) |
|
Only registered users may post comments.
|
|
|
|
|
 |
|
|
|
 |
 |
 |
 |
|
|