tory burch revaChanel handbagsChristian Louboutin ShoesHandbags DesignerHandbags For Cheapnew balance storesonitsuka tiger sneakersChristian Louboutin Saleonitsuka tiger shoesdesigner bags sale

6. februar 2012
Produkt
Minimer

JO-IVARS PRODUKT

Tilbake til Jo-Ivar si framside

  - tilbyr desse produkta !
       Lachs und fleisch

Jo-Ivars
SYLTALAKS

Er du glad i sursild? I so fall vil du truleg oppleve syltalaksen vår som den edlare utgåva av sursylta fisk. Men, i motsetnad til silda, er ikkje laksen sprengsalta og speka. Berre lettsalta nokre timar.

Likar du ikkje sursild? Då er dette alternativet for deg! Du vil ikkje kome til å angre på at du prøver denne nye varianten av kvalitetslaks.

I tillegg til høgste kvalitet fisk, løk og purre, er det sjølvsagt laken som gjer susen. Laken har vi utvikla og sett saman slik at den skal passe til laksen sitt særpreg. Sylta laks er ein nytelse både som forrett med ein klatt rjome attåt, og som godt pålegg på brødet. Og ver OBS. Dette gir meirsmak. Har du kjøpt eit glas, kan du like godt kjøpe eit til.

   Jo-Ivars
JOPØLSE

Dette er også ei svært god pølse. Her vert nytta halvparten storfekjøt, resten er sau og gris. Ho er krydra varsam for å få fram den gode kjøtsmaken.
Pølsa vert knytta som middagspølse, kokt og vakumpakka.
Varma i vatn, grilla eller steikt er ho eit ”blinkskot” både for ung og eldre.
I steikepanna saman med eit par egg er ho eit velsmakande og kraftig måltid, eller server på tradisjonelt vis med valfrie grønnsaker og poteter.
Og hugs: til potetball er ho heilt topp!

 Jo-Ivars
SVINEMØR

  Dette er ei grov kjøtpølse, ekte tradisjonsmat frå Nordvestlandet. I distriktet finns fleire variantar av SVINEMØR, men dette er altså min favoritt som inneheld mest svinekjøt og litt storfekjøt.
Pølsa vert knytta i ringar, kokt og vakumpakka. Ho kan varmast i vatn, i mikrobølgeomnen eller i steikepanna – og prøv ho gjerne på grillen! Og so er ho sjølvsagt godt følge til juleribba.
Byd fram svinemøren med surkål eller kålrabistappa og gode poteter og du har eit festmåltid – også til kvardags!

 Jo-Ivars
FÅRERULL

 Denne er eg stolt av, fordi eg har fått så mange hyggelege tilbakemeldingar.
Råstoffet er lammesider, salt og tradisjonelle krydder, og den gode ettersmaken kjem av at eg brukar litt basilikum i rullen.
Bruk rullen som smørbrødpålegg og på koldtbordet. Når du opnar ein matpakka med slikt pålegg vil alle ha maten din – pass godt på han!
Tilgang på råvarer er stort sett berre om hausten, men kokt og vakumpakka står den seg i frysaren i månadsvis, berre syt for å ha nok på lager!

 Jo-Ivars
SKINKERULL

   Eg fekk ein ide om å lage noko anna av skinka, syntest det var for gale å mala all den gode skinka i pølsene.
Skinkerull på ”Jo-Ivar vis” vart presentert på Bondens Marked i Ørsta og på Åndalsnes i desember 2004. Responsen var overveldande. Dette er eit svært velsmakande pålegg, og i tillegg har rullen ei nydeleg snittflate, og pyntar flott opp på bordet.
Skinkerullen er eigentleg dansk, men danskane er flinke til å lage god mat – kvifor ikkje lære litt av naboane i sør?
Vi vakumpakkar i stykker på ca ½ kg, slik tar vi best vare på smak og aroma, du skjærer tjukt eller tynt, alt etter smak og humør

 Jo-Ivars
HEIMELAGA SYLTAFLESK

Eg har produsert dette syltaflesket i tre år og det vert berre meir og mer etterspurt og er eit ettertrakta juleprodukt, men smaken er no den same nytelsen heile året. Ei oppmuntring å finne på skiva i lunsjpakken, gjerne med rødbetar.
Har du prøvd å rulle ei god skive syltaflesk med rødbetar og sylteagurk i potetlefse smurt med ein god sennep ?? Hvis ikkje – gjer det! Det ventar deg ei stor oppleving!

Jo-Ivars
JOSYLTE

Dette er syltaflesk for alle dei med sløve knivar! – Berre tøys, men Josylta vart til ved eit ”arbeidsuhell”. Eg skulle lage noko anna, men etter å ha testa ut ”uhellet” på gamal og ung, fann eg fort ut at dette var eit godt alternativt pålegg.
Kjøt og flesk blir mosa i foodprosessor og tilsatt norske urtekrydder, tradisjonelle krydder og olje. Eit smakfullt og smørbart pålegg laga berre på svinekjøt og flesk
Røbetar og sylteagurk er godt fylgje.
Josylta vert pakka i plastboks ca 340 gr.

Jo-Ivars
RØYKT LAKS

Eg elskar røykalaks og har i mange år laga dette fabelaktige pålegget til meg sjølv (og familien) slik eg likar det best. Og når eg kan framstille mitt favorittpålegg av topp klasse laks frå Vartdal, då må resultatet bli topp! Prosessen tar tid då laksen vert tørka litt før røyking, og røykt seint i kald røyk. Det vert fyrt med spon frå lauvtre, helst bøk eller ask, men bjørk gir også god smak. Ofte tar eg ei blanding av desse. Konsistensen blir fløyelsaktig, og laksen nærmast smeltar i munnen.
Laksesidene blir delt opp i varierande storleik og vakumpakka – men pass på å få nok, det vert fort oppete.
Eggesalat til røykalaks er topp.

Jo-Ivars
GRAVLAKS

Gravlaksen vert framstilt av same topp råvarer som røykalaksen. I staden for å legge i press, let eg laksen modne i vakum. Ein dusj av edle dråpar er med på å gi gravlaksen ein unik smak og konsistens.
Gravlaks egnar seg godt både til pålegg og på koldtbordet. Skjer nokre ringar med raud løk attåt gravlaksen og server med varme nykokte mandelpoteter – dette er festmat! Elles er sennepssaus, dillsaus og rjome med tytebær godt til gravlaks.
Stykka vert vakumpakka, og står seg godt i frysaren.

Jo-Ivars
FISKEMØR

Jo da – du les rett! Denne retten er framstilt av fisk og flesk, potetmjøl løk og krydder – stappa som pølse. Historia bak er fiskarkona og husmora på Mørekysten sin fantasi og evne til å variere og å ta vare på og lage god mat av alt dei hadde. ”Originalen” vart laga med svineister, men i dag brukar vi flesk. Grin du litt på nasa? Vi innrømmer gjerne at det gjør dei fleste før dei får smake – men då……..
Dette er ein utruleg smakfull og velsmakande fiskemat, minner oss litt om blandaball, berre mykje betre. Godt følge er kålrabistappe, kokte poteter og urtesmør (som du får kjøpt på Bondens Marked). Fiskemøren er også knytt i ringar, kokt og vakumpakka – god apetitt!

Gjennom året produserar vi også ein del andre produkt:

Fleire smakfulle pølser med mykje kjøt i, eksempel medisterpølse med timian.
Tørka fåremør, hjortemør, og spekelaks.
Salta lammekjøt vert vatna passeleg og er klart for gryta, godt til suppe og til ballen.

På bestilling leverar eg svinesteik, kotelettar og svineribbe,
eller ein heil eller halv gris, ferdig partert.
Du kan også få toppkvalitet laks i kotelettar eller som filet.

Dersom du har spesielle ønske, ring meg så skal eg sjå kva eg kan gjere.
Hugs at alt eg laga er framstilt på råstoff som er slakta forskriftsmessig og kontrollert. Produksjonsbedrifta er godkjent av Mattilsynet. Eg bruker ikkje E-stoff eller konserveringsmiddel i produkta.

Besøk
Minimer

Uttalelse om privatliv  |  Betingelser for bruk
Copyright 2007 @mundsen