Dei fleste tek bilete til minnebrikka i kameraet er fullt, og kopierar så bileta over på disken i datamaskina.
Det er viktig å tenke på at datamaskina ikkje er ein sikker oppbevaringsstad, og at ein lett kan miste alle bileta.
Du kan:
- Få virus på maskina, slik at bileta vert sletta eller øydelagt
- Få skade etter lynnedslag eller feil på straumnettet
- Få ein teknisk feil på sjølve harddisken
- Slette bileta ved ein feil
I tillegg til dette er det mange måtar bileta kan forsvinne på.
  
For å sikre bileta bør ein lagre dei på to forskjellige stadar, der maskina kan vere ein av dei.
Du kan brenne ein kopi av bileta på CD eller DVD og lagre desse på ein sikker stad, men brenning av CD/DVD krev at du kan å bruke eit brenne program, og du endar ofte opp med mange plater slik at det kan bli vanskelig å ha oversikt over kvar dei forskjellige bileta er.
Sjølv synest eg det er enklast å lagre bileta på ein ekstern harddisk (ein harddisk som ein koplar til USB porten). Ein slik disk kjem opp som ein standard harddisk på maskina, og det er enkelt å flytte over ein kopi av bileta til den. Når eg har kopiert over bileta, koplar eg den eksterne disken frå maskina og lagrar den på ein sikker stad. På denne måten har eg ein kopi av bileta på maskina og ein på den eksterne disken. Bileta på den eksterne disken er trygge om maskina vert utsett for virus....
Du kan organisere bileta på den eksterne disken i mapper, på same måte som på disken i maskina.

Ein ekstern USB disk på 80Gb kostar rundt 800kr (pris varierar avhengig av lagringskapasitet)
|