Det har dukka opp eit par kilder som nemner Å(r)skjøna:
Ivar Aasen:
Fragment af en Ordbog som Bilag til Fremstillingen af det søndmørske Almuesprogs Bygning og Egenskaber (1841):
«Aaskjøne ell. Aarskjøne S. f. et krumt Stykke Træ, som i svag Bør fæstes til Seilets Fremskjød og trykkes ned paa et af Bordene ved en dertil indretter Kløft.»
Ivar Aasen har også ordet Aaskjøne i Norsk Ordbok. Der stiller han spørsmål om forma Aarskjøne (hjå Strøm), er ei eldre form. Vi må vel kunne slutte, ut i frå Aasen sit forhold til språk og ord, at det han kjende til på si tid var Aaskjøne (utan r).
I Tidsskrift for Vanylven Sogelag 1988 skriv Sverre Aarsnes:
«I undanvind måtte seglet omskipast så det stod tvers over båten. Men då underkanten på seglet var ein god mon lenger enn breidda på skrovet, så ville seglbuken derav verte så slakk at ein tapte vindfang. For likevel å (få) full nytte av vindstyrken i slike høve nytta ein seg av to ting for å spenne seglet ut i heile si breidd. Den eine tingen var ei krumvakse og høveleg langt trestykke som ein kalla Årskjøne. Dette trestykket hadde ei gaffelforma kluft i eine enden, og eit hol i hin. Ein løyste så framskjøtet frå sitt feste på framstamnen og feste det i holet på Årskjøna. Derpå la ein denne krumminga over ripa og sette eller stødde den klufta enden mot eitkvart i kjemperomet. Dermed tøygdest underkanten på seglet høveleg ut på den sida. På den andre sida brukte ein ret og slett berre ei år til å få same verknad.»
Det Aarsnes skriv om er noko heilt anna enn det Aasen beskriv. Var verkeleg Åskjøna ein slags sunnmørsk beitås, eller er dette ein variasjon over eit tema av Hans Strøm ?

|