tory burch revaChanel handbagsChristian Louboutin ShoesHandbags DesignerHandbags For Cheapnew balance storesonitsuka tiger sneakersChristian Louboutin Saleonitsuka tiger shoesdesigner bags sale



20. mai 2012
Besøk
Minimer


Artiklar

Gjeldene Artikler | Categories | Søk

13. juli 2007
VOLEN OG SKAUTET
Av AndreasV @ 22:26 :: Vist 1499 :: Article Rating :: Båten;"Funderingar og spekulasjonar"
 

Andreas Vartdal (1999)

 

Det hender at teori og praksis ikkje vil stemme overeins. Det har ein del opplevd når det gjeld å styre ottring. Det synest vere uråd at styremannen skal meistre både volen og skautet. Men skriftleg tradisjon seier noko anna:

 

Hans Strøm (1762)

Naar nu Seilatsen Skal gaae an (her tales fornemmelig om skarp Seilats, som foretages paa Havet med almindelige Hav-Baade eller Fiøringfar)……Styremanden sætter sig i Bag-Rummet, hvor han maa holde Ror-Stangen i den ene Haand og Bag-Skiødet af Seilet i den anden, paa det han i en Hast kan fire og hale det efter Fornødenhed.

 

Daniel Liset: Sunnmørs-åttringen (Tidskrift for Sunnmøre historiske lag 1933-1934)

Styrmannen stod i bakromet med «volen» i eine handa og skautet i den andre. ……..I hardt ver røynte det svært på hovudsmannen, som attåt vol og skaut hadde ansvaret for leida og siglinga

 

Ivar Gøvik: Vartdalsoga II

I storsigling hadde kvar mann sine faste plassar: Styremannen på baktofta med styrevolen i eine handa og bakskautet i hi. (Laurits Grønnevet f.1874 )

 

Bjarne Rabben: HERØYBOKA Bygdesoga II . (Hærøy sogelag 1973)

Styremannen rodde på nest attaste tofta, og samstundes passa han styrevolen.Under sigling sat han på baktofta med volen i eine handa og skautet i hi. (Etter Askjel Skare 1849-1952)

 

Christian Rekkedal: «Stort arbeid ned er lagt» (Oslo 1947)

Bestmannen sat i bakromet med volen i den eine handi og bak-skautet i den andre.

 

N.J. Gregersen:Fortællinger og skisser. (Kristiania 1886)

Enhver sad med spændt opmerksomhed for at gjøre sin pligt. En med det store, en med det lille haandsyfte, en med rakketrossen, en med draget, kjempemanden, Arne, færdig til at kaste ind med de for søndmørsseilet eiendommelige klør, Sylfest med den ene haand fast knyttet om styrevolen, vaagende over skjødet med den anden. Den syvende, øseren, var ledig, saalænge baaden endnu klarte den voksende baare fra sig.

 

 

 

Men vi finn og at jobben vart delt:

 

Bernhard Færøyvik: Sunnmørsåttringen

Styremannen tok styrevol og skaut. Var det stormver, hadde styremannen nok å gjere med styringi, og ein av vetlesiglemennene styrde skautet.

 

Asbjørn Øverås: Romsdals soga. (Romsdals Ungdomslag 1941)

Fiskebåten var sunnmørsåttring, hvilke ble bygd i Volda på Sunnmøre samt i Fræna…… Mannskapet bestod i regelen av 8 mann……..Mannen i litlseglen hadde å andøve, om det behøvdes, sammen med rormannen, men i motsatt tilfelle a hjelpe til å trekke garna og ta ut fisken (å tine), under seilas å passe skjøtet. (Mads Hukkelberg)

 

 

 

 

 

Som vi ser er mange av desse sitata svært like. Dei som skriv at styrmannen hadde både volen og skautet kunne ha hatt Strøm som kilde. Men ser vi på det andre dei skriv, som t.d. om oppgåvene til resten av mannskapet under segling, så avvik dei ein god del frå Strøm. Grunnen til at det er så likt skreve kan ganske enkelt vere at dette er den forteljemåten som er naturleg for dei fleste som skal fortelje at styrmannen hadde volen i eine handa og skautet i den andre.

Vi må tru at ein del har opplevd det sjølv, eller har hatt andre sikre kilder. Det er då særleg Rabben, som har Askjell Skare til heimelsmann. Han fortalde heilt sikkert frå eigne erfaringar.

Sjølv om det Gregersen skriv er i skjønnlitterær form, så bør og det sjåast på som førstehands kilde. Han var veginspektør på Sunnmøre 1864-1883.Og den som reiste mykje mellom veglause bygder då, hadde stor kjennskap til båten.

Dei andre som skriv hadde og truleg sikre kilder i nærmiljøet. Laurits Grønnevet t.d. var 5-6 år då faren bytte snebetningen med møring. Og Christian Rekkedal var av same genrasjonen. (f. 1879)

 

Av dei som nemner at styremannen hadde hjelp med skautet , er særleg Færøyvik interessant. Når du les det han skriv, er lange avsnitt nærmast avskrift etter D. Liset. Han oppgir då også han som ei av kildene sine. Men akkurat når det gjeld volen og skautet så legg han altså til at var det storm, tok ein av «vetlesiglemennene» skautet. Denne opplysninga har han då truleg frå andre. Og når vi veit at han oppheldt seg mykje på Bjørkedalen under arbeidet sitt med Sunnmørsbåten, så er det ikkje urimeleg at ein av gamlingane der kan ha fortalt han dette.

 

Ein annan ting som må vurderast dersom styremannen hadde hjelp med skautet er kven som skulle ta den jobben. På ein ottring i hardsegling hadde kvar sitt.Var det hardt press på seglet, så vor det og ofte bruk for ausing. Det verkar litt merkeleg at Færøyvik lar ein av dei i «vetlesigla» ta skautet, for når han lenger framme i artikkelen plasserer mannskapet til segling, så har han berre ein mann der. Han hadde som oftast ausinga, sjølv om Strøm og andre lar det bli aust lenger framme i båten og.

For Hukkelberg er det enklare. Han har 8 mann ombord.

- - -

Då eg starta å gå gjennom dette stoffet, rekna eg med at eg ville verte overtydd om at det vanleg var at styrmannen fekk hjelp med skautet. Det er og temmeleg klart at dette ikkje var uvanleg.

Men eg klarer ikkje å sjå vekk i frå alle dei som skriv at styrmannen hadde både volen og skautet.

Karakter
Kommentar(ar)
Uttalelse om privatliv  |  Betingelser for bruk
Copyright 2007 @mundsen