Vi ligg på Valderhaugfjorden, og skal ha seglas; i svartestilla ein junidag. Ørnulf ligg nokre famner lenger framme. Og ut til styrbord heng ein firkanta duk frå Dalsfjorden.
Her i ottringen er det Anders som held volen. Saxe har funne skautet. Og Atle sprir med båtshaken. I framskuten vert framskautet festa rundt seglstikka.
Då kjem det frå bakromet: «Den stikka der høyrer vell ikkje til her ombord.»
Etter litt diskusjon legg vi vekk seglstikka, og festar framskautet i holet i kjempa med eit sleppstikk. Enkelt. Greitt. Og sikkert. Slik må det vere det vart gjort .Det forklarar slitasjen etter tog i hola i gamle kjemper. Og det forklarar mangel på tradisjon om seglstikka.
Skal seglstikka vekkleggast for godt?

|