Tradisjonelle bruksbåtar er ofte som utsøkt kunstverk å så på. Det er kunst og fagarbeid som er utført. Bak utforminga av dei elegante linjene ligg mykje kunnskap og dyktig handverk, - men ofte og spekulasjonar og vridne problem. Botnborda ser m.a. absolutt vridne ut. Frå om lag horisontalt-liggande midt i båten, er dei nermast vertikale der dei vert festa til stamn og stemne.
Mange stader i landet er det vanleg at slike bord vert hogne til rett skap.
På Sunnmøre, -og i alle fall i Bjørkedalen, finst det ingen tadisjon om slik hogging.
Det vert hevda at, i allefall små båtar, er uråd å borde opp uten å hogge. På sunnmørsbåten gjeld dette særleg halsen bake, og nederste renningane i framskuten.
Av denne problemstillinga vert det sjølvsagt diskusjon: Hogge- eller ikkje hogge ??
Korleis kan det gjerast om det ikkje skal hoggast ??
Om båtbordet vert vrede og press på plass, vert det hevda at det utvendig får ei utrunding (ein bul), som er uheldig for båten sin gang gjennom sjøen. Ei løysing på det kunne vere at bordet vert høvla utvendig, slik at matrialet som lagar denne rundingen vert borte.
Ein annan faktor som kjem inn i bilde er sunmørsbåten si krenking under seglpress. Då er det borda lenger oppe som har mest å sei når vatnet passerar båten.
Men kanskje det mest avgjernde er erfaring. Er det utenkjeleg at den som vaks opp i eit båtskot, og var med på å borde opp båtar i hopetal, hadde erfaring og teknikk som overgår det dyktige båtbyggarar har i dag ??????

|