tory burch revaChanel handbagsChristian Louboutin ShoesHandbags DesignerHandbags For Cheapnew balance storesonitsuka tiger sneakersChristian Louboutin Saleonitsuka tiger shoesdesigner bags sale



20. mai 2012
Besøk
Minimer


Artiklar

Gjeldene Artikler | Categories | Søk

13. juli 2007
Holkestøyting
Av AndreasV @ 22:15 :: Vist 1352 :: Article Rating :: Båten; beskrivelse og bruk
 

Kan hende vert situasjonen så kritisk at mastra må over bord.  Då er sjø og vind så harde at båten ikkje ber seglfille. Det tek slik tak i snaue riggen, når båten er oppe på båretoppane, at båten kan verte kolvd. I tillegg til at det er fare for at brytande storbåre kan overvinne båten.

Då er tida komen for å holkestøyte.

Holken er ein hornring  ( som oftast) , som vantet er tredd gjennom. I enden av vantet er vantnåla. Når den vert tredd gjennom urva, lagd oppattover vantet, og festa med holken (som vert tredd nedover enden på vantnåla),  er vantet festa til båten.

Når vell ingen i våre dagar har vore med på å holkestøyte,  vert det å spekulere på korleis det vart gjort; korleis det var om bord i båten.

målet er altså å få riggen over bord, slik at den ikkje lenger vert fanga av vinden.. Når vanta er løyste og slepte, heng mastra berre etter staget., som eit drivanker, og er med på å kløyve dei store sjøane. Dei treff då båten på framstamnen.

Korleis har så denne manøveren vorte gjennomført ?

Det har sikker vore mange kritiske situasjonar.

I tilleg til at dette er siste utveg, er det store krefter i sving. Først skal mastra  over bord, utan å skade båten. Alle holkane i lu vert løyste, og når ein lar vanta gå, vil nederste enden av mastra stå i fare for å gjere skade på båten.

 

Då dei hadde skore garna frå seg, kunne dei føre berre lite segl i ovstormen og brotsjøen. Difor kunne dei heller ikkje kryssa. Likevel greidde dei å gå opp Skjeggane, der det storbraut trugande i lé. – Tvo mann auste i tvo rom. Vona var at dei skulde kunne gå upp um Dolsteinstangen og sleppe inn Skarsfjorden. Men første båten, Vernikbåten, som kom nære tangen, vart gripen av ein drivgard, so han ikkje kunde føre segl og nær på var driven ned på tangen – det var visse dauden, det. I siste augneblinken fekk dei halde av nord um bråtet. Men no kom rosene frå Dolsteinen, og då vilde ikkje båten sjå klut, ja sistpå vilde han ikkje ligge for berre masta. Til all ulukke sette det samstundes inn med snøkave, so det var fåre for at dei skulde misse landkjenning og drive til havs. – No var gode råd dyre. Resolutt holkestøytte dei mastra. Men for at ho ikkje skulde knuse bakskuten i fallet, tok han far og lyfte mastra upp av siglesporen, so mastretoppen tok sjøenfør hn trefte bakstamnen – far hadde leinge mein etter dette krfttaket, men det vitna og um kor snarteinkt og rådsnar han var.

På augneblinken treiv dei til årane.  Millom drivgardane stod dei for årane. Dei sværaste sjøane brut seg sund på mastra, som dei drog etter seg, so no slapp dei ause. Langt um lenge kom dei til lands på Hellansvågane med uppsvulma hender, og daudstrøytte. Det kom så mange menn frå garden, at dei fkk setja begge båtane på land.

 

Som ein ser her, hiv dei seg over årane. Båten må vendast, slik at framstamnen vert mot veret. Og det uten at den vert nedbroten i ddet den snur mot sjøen.  Og så må årane brukast for å prøve å unngå skavlane.

Holkestøyting på denne måten, kjenner vi berre frå Sunnmøre. Dette må ha med eigenskapane til båten å gjere. Berre den breie sunnmørsframmenden,  kan meistre å få sjøen slik mot seg.

 

Kor harde forhold det kan ha vore snakk om, når dei valde å holkestøyte, er vi noko om i  dette sitatet frå Moltu si fiskarsoge:

         Ein sommar dag i slåtten same året (1830 ?) reiste 2 båtar frå Sande på utror utfor djupet. Den eine båten var frå Sætre, med  6 dugande fiskarar i sine beste år, det andre båtlaget var frå Hide med Ingebrikt Hide som styrmann. Stormen kom på dei. Båten frå Hide tok fyrst av og siglde langsmed  grannebåten frå Sætre. , som endå låg og fiska, og ropte til dei at no måtte dei også  kome  og halde lag. Stormen auka på og det kom hagl-elingar ned hagl så store som néter. Hidelaget heldt beint undan veret, holkestøytte mastra, og  drog henne etter båten for å kløyve skavlane. Meir enn ein gong fylte skavlane båten, og alle måtte take i og ause lens med  auskar og skrin. Best som det var, kom ein fælsleg skavl inn over båten. Dei ropa til kvarandre om å halde seg godt fast. Då rida var over og dei fekk opp augo att, sakna dei ein mann. ”Han måtte ha vorte slengd utanbords”, tenkte alle, men då dei tok til å lense båten, , fann dei honom klemd innunder ei tofte, slått i svime. Dette laget kom inn langt nordan for Grip og kom seg inn til Kristiansund. Då hadde dei berre ei heil år att, liksom all fisk og børnad og alt laust i båten var skylt ut. Karane var heilt forkomne av matløyse og somnløyse og hadde sår på nevane og i andlitet etter hagla som dei bar merke etter all sin dag sidan. I Kristiansund måtte dei stydjast på land og fekk hjelp på beste måte, fekk seg nye årar og kom heim 8 dagar etter at dei var reist. Då hadde heimefolket slutta å vente på dei meir. Sæssane kom ikkje heim att. Båten deira vart funnen i Bremsnes og ein mann bunden  fast i han. Dei hadde ogso holkestøytt mastra og drive undan, men ingen livde att som kunde fortelje om deira siste strid.

 

Karakter
Kommentar(ar)
Uttalelse om privatliv  |  Betingelser for bruk
Copyright 2007 @mundsen