Under hardsegling hende det at ottringen vart fylt meir enn dei kunne klare å ause ut, sjølv om dei brukte både ausskjera, sjøskrina, og anna dei rådde over.
Det var då stor fare for at båten, med seglsteinen inni, ville sekke.
Dei hadde då to val, om dei skulle halde båten flytande;
Antan få båten til å kolve, så den skar steinen, og dei hadde båtkolvet å halde seg til. Eller så freiste å segle båten lens.
I siste tilfelle var det sjølvsagt ikkje snakk om å tøme han heil, men få utså mykje sjø, at han bar seg, og dei kunne klare å ause han tom.
Ein slik manøver var heil klart på grensa av kva som gjekk an. Og det har vore sett på som ein uvanleg prestasjon. Vi har lite konrete forteljingar om slikt.
Andreas Årskog (f.1874)fortel.:
Dei sa det gamlingane, dei skulle greie å sigle dei lens. Om det er sant, det veit ikkje eg .Men det var snakk om ein gammal som heitte Ravallj på Giskeøggara, (Rafal Gunnarson Giskeødegård 1817 – ca.1890), som rodde fiskje på trefot. Han fekk ein sånn voldsom sjø at det gjekk opp på æsingane, og han ropte og skreik; dei fekk ikkje minke på seglet. Fyrst gjorde han korsets teikn på tilja med trefoten, so slo han ut dreglene i le med trefoten. På den måten so tømde han honom att av, so han fekk iallfall sjøen langt nedatt i båten.
Eg trur vi kan slå fast at det vart eit utydeleg korsteikn, når sjøen skvalpa rundt tofta Og det var vel andre som hjelpte til å få laus dreglen. Men vekk måtte den. Viktigast her er ropet om å halde oppe seglpresset. For skulle det vere von om å segle båten lens, måtte det vere ein båt som segla, ein som lystra ror.
Så var det å la sjø og vind få samarbeide om å lense båten. Det gjalt å legge han så mykje på tvers/skrå av ver og vind, inn i bårefronten, at sjøen tømdest att og ut i le. Men ikkje så mykje at den skar seg ned. No burde båretoppen vere der, og båten ha styrefart, så den kunne vridast unna hav og vind.
Eller som Daniel Liset skriv:
”Fyrst og sist var det um å gjera at ein siglde undan skavlarne; men fekk ein brotet over seg, var det å draga båten hardt åt vinden på næste båreryggen, so austren velte ut over bakkjempa i le.”
Båten var nok langt frå tom. Og det var å móke ut sjø med alt dei hadde. Men kanskje hadde denne manøveren gjort at det no var råd å segle sin båt til lands.
Var faren stor for at båten ville sekke, kunne dei prøve å kolve han. Då kunne balaststeinane rause ut. Og båten kunne flyte med botnen opp. Og det var von om å redde seg på kolvet.
Andreas Årskog fortell om ei dramatisk hending. 2. juledag 1842. Veret var så hardt at folk frå Vartdal hadde skuva ut ottringen for å kome seg til kyrkje på Hareid. På heimveg fekk dei ei ”drivbye”:
Båten heldt på å ville sekke. Han fylte seg og so var det ballast inni og han ville sekke. Og då var der to eller var det tre kare som kneip og hivde seg opp i riggen og krenkte hånå over. Han var fulle ta sjø og var lett å krenkje. Og fekk hånå til å kolve seg, forskar han steinen og flaut. Og dei kom seg på kolvet dei som berga vart.
Dei var nær attmed Hjørneset, og der kom sjølvsagt folk so snart so råd vart, og berga dei.
Men to mann kom burt. To ungomar på ……………….. Det ligg nær å tru at det var dei som var opp i riggen.
Her var og situasjon slik at det kom fort folk til, Og folk kunne reddast.
Andreas V .
