Øyvind Amundsen publisert November 15, 2008 00:22

Sjølv om eg har tipsa om dette før, føler eg at dette er så viktig at eg legg det inn på nytt. Etter kvart som dei fleste går over til å bruke digitalt fotoapparat, kan ein lett "miste" alle bilda sine om ein får virus på maskina, eller innhald på annan måte vert øydelagt eller sletta.
Dei fleste kopierer bilda over til pc'en når minnebrikka på kameraet er fyllt opp, og er ferdig med det.
Eg vil på det sterkaste anbefale at du passar på å ha ein kopi av bilda på ein annan stad i tilfelle uhellet er ute. Ei enkel løysing er å kjøpe seg ein ekstern harddisk som du lagrar bilda på. Ein slik harddisk kostar ikkje mange hundre kronene, og er veldig enkel i bruk (pris varierar avhengig av lagringskapasitet)
Når du "tømmer" kameraet over på pc'en, lagrar du i tillegg ein kopi på den eksterne harddisken. Når du er ferdig lagrar du harddisken på ein sikker stad (ikkje la den stå tilkobla maskina)
Reknar med at ikkje alle er heilt med på kva eg snakkar om, så eg skal ved høve lage ei meir detaljert oppskrift på korleis ein går fram.
Har i mi tid som "it mann" vorte kontakta av fleire som har vore heilt fortvila fordi dei ikkje finn bilda sine. I eit par tilfeller har eg klart å berge bilda, i andre tilfeller har det vore for seint.
Så konklusjonen er - ikkje vent til det bli din tur, sørg for å ha ein backup!